Tilsette i bygg- og anleggsbransjen slit meir med rygg- og armsmerter, nedsett høyrsel og arbeidsskadar som fører til fråvær, enn gjennomsnittet av arbeidstakarar. Det viser ein ny rapport. Den sjukdommen som legane oftast blir melder inn, er støyskadar.
I ein fersk rapport frå Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) kan du lese om utviklinga av arbeidsskadedødsfall, eksponeringar og helseutfordringar i bygg og anlegg.
Les rapporten: Helseproblemer og ulykker i bygg og anlegg – rapport 2024 (PDF)
Rapporten viser at tilsette innan bygge- og anleggsverksemd har meir rygg- og armsmerter, luftvegsplager, nedsett høyrsel og arbeidsskadar med fråvær, enn gjennomsnittet for alle sysselsette.
Også tal frå Register for arbeidsrelatert sjukdom (RAS), viser at støyskadar er den mest melde arbeidsrelaterte sjukdommen blant tilsette i bygg- og anleggsverksemd.
– Risikovurdering er viktig når det gjeld å førebygge både ulykker, men og sjukdom. Det seier direktør i Arbeidstilsynet, Ingvill Kvernmo.
– Leiarar bør vere klare over at alle typar avgjersler i verksemda kan påverke risikoen for sjukdom og ulykker. Både verksemdsleiarar, bransjeforeiningar og myndigheitene må vere involvert i førebyggingsarbeidet, for å skåne arbeidstakarane som gjer det praktiske arbeidet.
Les meir om risikovurdering: Kva er risikovurdering?
Eit viktig mål for Arbeidstilsynet er å få verksemder til å arbeide systematisk med å førebygge alvorlege personskadar og ulykker.
Dersom verksemda ikkje kan fjerne faren heilt, er fysiske ulykkesførebyggande tiltak det mest effektive. Det kan til dømes vere fysiske barrierar som skil arbeidstakarar frå farar.
– Tiltak for å påverke haldningar og åtferd, som å bygge ein god tryggleiks- og openheitskultur, kan forsterke dei fysiske tiltaka, men dei har liten effekt åleine, seier Kvernmo. Ho minner om at dei fysiske tiltaka bør vere med i utforminga av maskinene og utstyret, og dermed ikkje vere avhengig av valet til kvar enkelt arbeidstakar.